Nyheter

Utvalet av glutenfrie og vegetariske matvarer i den norske marknaden har auka dei siste åra. Nå er mange av dei på plass i den nye versjonen av Matvaretabellen.

Meir glutenfritt og vegetar i Matvaretabellen

I Matvaretabellens nye versjon er det mange nye glutenfrie og vegetariske matvarer.

Publisert Sist oppdatert

Til saman er det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte. Matvaretabllen er eit viktig verktøy for forbrukarar og mat- og drikkeindustrien.

Foto 124 nye matvarer i årets versjon av Matvaretabellen.

– Vi har mange nye matvarer i årets versjon av Matvaretabellen, fortel seniorrådgjevar i Mattilsynet, Jorån Østerholt Dalane.

Fleire analyseprosjekt

Dei nye næringsstoffverdiane for mjøl og kornprodukt, og vegetariske og glutenfrie matvarer, kjem frå fleire analyseprosjekt som er gjennomført dei to siste åra.

Mjøl og kornprodukt er basismatvarer, og er difor ein viktig del av kosthaldet i Noreg. Mattilsynet har i 2019-2021 analysert innhaldet av næringsstoff i kveitemjøl, økologisk kveitemjøl, speltmjøl, rugmjøl, byggmjøl, havregryn, økologisk havregryn og kruskakli. Det blei brukt ein nyare analysemetode for å analysere kostfiber i kornprodukta, noko som viste at det er meir kostfiber i norske kornprodukt enn ved tidlegare analysar.

Mange av matvarene i Matvaretabellen er basert på oppskrifter, slik som bakverk og middagsrettar. Alle desse matvarene er oppdatert i årets versjon av Matvaretabellen.

LES MER | Norske kornprodukter har mer kostfiber enn antatt

Fleire vegetariske matvarer

Utvalet av glutenfrie og vegetariske matvarer i den norske marknaden har auka dei siste åra.

– Vi har difor teke inn mange slike matvarer i Matvaretabellen, deriblant plantebaserte drikkar og middagsprodukt. Til dømes plantebaserte middagsbollar, burgarar og pølser. I tillegg er kaffidrikkar med laktosefri mjølk og plantebaserte drikkar no tilgjengelege i Matvaretabellen, seier Jorån Østerholt Dalane.

Mattilsynet jobbar kontinuerleg med å utvide utvalet av matvarer og oppdatere eksisterande matvarer i Matvaretabellen, slik at innhaldet speglar det som er tilgjengeleg i butikkane og som folk et,

Viktig for forbrukarar og industri

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff i dei vanlegaste matvarene vi et i Noreg, og dannar grunnlaget for berekning av inntaket av ulike næringsstoff for enkeltpersonar og grupper.

– Tabellen er eit viktig oppslagsverk og reiskap i matforvaltning og ernæringspolitikk, i undervisning og opplysningsarbeid og for helsepersonell og forskarar. Tabellen nyttast òg av matvareindustrien som grunnlag for næringsdeklarasjonar og ved matvareproduksjon, seier Dalane.

Den offisielle norske matvaretabellen finansierast av Mattilsynet. Det er Mattilsynet og avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo som utfører det praktiske arbeidet.

Kostholdsplanleggeren vil òg bli oppdatert med den nye versjonen av Matvaretabellen

Powered by Labrador CMS